tirsdag den 23. februar 2016

Min astronautelev kritiseres for sit lix-tal på nynorsk

- Guri Fjeldberg i Bergens Tidende:

Unge nynorskbrukarar kan like godt lære det først som sist: Du kan ikkje få alt.
«Leseland» frå Samlaget skal sikre ein ny generasjon nynors­kbrukarar retten til lese­trening på si eiga målform. Dessverre kan det aldri bli millionbutikk av å gi ut lettlestbøker for barn i ein liten marknad. Storsatsinga «Lese­land» er derfor berre det smålåtne svaret på dei enormt populære «Leseløvene» til Cappelen Damm. Dei ti titlane som kom i fjor, blir no utvida med 18 til. Forbausande mange av dei er omsett - frå svensk, engelsk og dansk. Det er både billigare og raskare enn å produsere sitt eige.
For at konseptet skal slå igjennom, må kvar lesar kunne finne ei bok av interesse på sitt eige lesenivå. Tanken er god. Men når resultatet i liten grad når opp mot bokmålskonkurrentane, stadfestar det nynorsk som eit alternativ med låg status. Da hjelper det fint lite at omsetjingane er gode og at «Leseland» òg finst som ein stilig app for dei som vil lese digitalt.
Fem av dei nye titlane er signert svenske Moni Nilsson og plassert på nivå tre. Historiene om desse seks-sjuåringane skal passe for barn som allereie har lese ei stund, men som ikkje held ut så lenge.
Kvifor vel Samlaget historier der hovudpersonane er yngre enn lesarane? Denne kvardagsdramatikken er rett nok svært engasjerande. Men der «Leseløvene» har som mål å signalisere at lesing er for tøffingar, satsar altså Samlaget på bøker som høver aller best som høgtlesing for førskulebarn. Også fablane frå England har framsider som appellerer sterkare nedover i alder enn oppover. Ikkje så rart sidan barna der lærer å lese tidlegare enn i Noreg.
Heldigvis veks ein ikkje så fort ifrå morosame historier om dyr, kongelege og sjø­røvarar. Likevel får eg ei kjensle av at konseptet passar langt betre for dei som knek­kjer lesekoden alt i førsteklasse.
Vil ein lese om den verkelege verda, må ein heilt opp på nivå fire. Svenske Jens Hansegård frir uhemma til lesarane med spektakulære fakta av den lettbeinte sorten: tøffe dyr, forsvunne skattar og mystiske stadar. Slike bøker er det i alle fall ikkje flaut å bli sett med, sjølv på mellomtrinnet. Men å påstå at dei to titlane frå Danmark skal nå lesarar heilt opp i tenåra, verkar optimistisk.
«Sprint» av Trine Andersen opnar med at Anna spring sekstimeteren på fantastiske 12 blank. Vi får aldri vite kor gammal ho er, men eg vil tru dette er ei imponerande tid for ein andreklassing. I illustrasjonane til Mads Themberg er ho likevel utstyrt med små bryst. Historia er både dramatisk og gripande, men ikkje særleg lettlese. Enda meir krev «Mars er for taparar» av Lars Bukdahl. Historia frå NASAs hemmelege astronautskule opnar like godt med ei setning som går over fem linjer.
Dei pedagogiske ambi­sjonane overgår tydeleg ønsket om å gi svake lesarar ei god oppleving. Igjen skapar satsinga helst leselyst blant dei flinkaste. 

Berre tre av dei nye titlane er produsert her heime. Problemet er at lesetreningsbøker sjeldan har høg nok kunstnarleg kvalitet til å bli godkjend av den nasjonale innkjøps­ordninga. Sjølv om desse bøkene har aldri så mykje å utrette i biblioteka - ikkje minst her på Vestlandet - hamnar dei altså ikkje automatisk i hyllene.
Forfattarar og illustratørar er følgjeleg ikkje garantert eit minstesal på 1550 eksemplar. Særleg illustratørar vel nok gjerne å bruke tida på meir lukra­tive prosjekt. Det var neppe førsteval å la ein nyutdanna kunststudent få oppgåva med å illustrere «Apropos forelska» av den røynde lettlestforfattaren Linn T. Sunne. Visuelt minner resultatet om ei evakueringsbrosjyre frå eit flyselskap. Rett nok er oppdraget å skulle hjelpe teksten fram, men meir stivt og stereotypt er ei pirrande forelsking sjeldan framstilt.
Slike økonomiske kompromiss er uheldige i ein lesekultur der bileta betyr stadig meir. Heldigvis er det gått langt betre med «Prompebroren» av lettlestekspert Bente Bratlund. Teksten er som ei novelle i små kapittel og handlar om Bea. Ho er ny i klassa og lysten på nye vennar. Kva hender når ho lyg på seg ein bror som er eineståande god til å prompe?
Odd Henning Skyllingstad har fått god plass til å karikere krumspringa. Med verkemiddel frå teikneseriar tilfører han boka både lyd og lukt.
I «Krabbekrise» av biletbokskapar Anna R. Folkestad er det nettopp bileta som syter for at historia blir rik sjølv om orda er få. Når Besta forvekslar rekeosten og solkremen, blir det fart i krabbe­fisket - til stor glede for dei ferskaste lesarane. At ei slik bok ikkje har ein sjølvskriven plass i norske bibliotek, er ei skam for innkjøpsordninga. Sjølv barn i opplæring treng å lese nynorsk for å kose seg meir enn for å strekkje seg.

Den kriminelle begyndelsessætning på dansk (som faktisk er to, rent punktummæssigt ...):

-->
Hvis Billy Bob Malone havde vidst, hvilken umulig planet han ville vågne op på ret præcis 24 timer senere, ville han nok være kommet hurtigere ud af sengen denne mandag morgen. Eller måske helt have holdt sig under dynen. 

1 kommentar:

  1. Til gengæld meddeler det norske forlag (som lige havde glemt at give mig honorar og frieksemplarer) :

    Bøkene har blitt riktig fine i norsk utgave, og Mars er for taperar blei også kjøpt inn av Kulturrådet til bibliotekene.

    SvarSlet